I samarbeid med Grill'n chill Sunnfjord inviterar Indre Sunnfjord Turlag til kveldsmattur for ungdom i alderen 15-19år!
Vi møtast ved Vieåsen bhg kl.18.10, om du ikkje kjem deg dit for eiga maskin kan du ta bybussen som går frå busstasjonen kl.18.00.
Frå barnehagen går vi tur til dagsturhytta Gytta, på området er det både bålpanne og gapahuk! Det er også flott utsikt ned mot eit opplyst sentrum. Det er om lag ein kilometer og 200 høgdemeter å gå til hytta, nokså bratt terreng. Dersom vêret vert så ruske at vi ikkje kjem oss opp til Gytta går vi inn i skogen på toppen av Vieåsen, lagar oss ly og fyrer opp bål der.
For å berekne mat er det påmelding kvelden før, oppgi ev allergiar i kommentarfeltet. Det vert toast i folie og s'mores til dessert!
Arrangementet er gratis og turlaget dekkar mat!
Dette treng du ta med deg; kle deg etter vêret, ha med gode sko og varme klede til å ha på når ein sit i ro på toppen (ull er gull). Ta elles med ei flaske vatn, sitjeunderlag, eigen kopp og matboks/bestikk (spar miljøet for eingangs).
Håpar du vert med på ein kjekk bålkveld saman andre friluftsglad ungdom!
Påmeldinga til denne aktiviteten finn du i friskus, men du kan også sende tekstmelding til 41337213.