Badminton i Førde for born, ungdom og vaksne med trening i Førdehuset. Passar for alle uansett nivå.
Hos Førde Badmintonklubb kan deltakarane trene og spele badminton saman slik dei ynskjer, samt få individuell oppfølging og teknikktrening. Kanskje badminton er noko for deg?
Prøve badminton?
Kom innom på ei trening og spel badminton med oss! Ingen påmelding eller registrering er nødvendig første gongen. Utstyr får du låne av klubben.
For nye deltakarar tilbyr vi eit gratis og uforpliktande prøvemedlemskap på to veker. Kontakt oss gjerne på førehand via tlf. eller epost om du har spørsmål.
Treningstider
Vi har trening på måndagar 19:00-21:00, onsdagar 20:00 - 21:30 og fredagar 17:00 - 19:30 i Førdehuset, hall 3.
Meir informasjon om klubben finn du på: https://fobk.no